PDA

Vis full versjon : Bekkensmerter rundt mens og EL?


Khrølla
28-11-2004, 13:05
Hei!

Lurer på om nokon med erfaring med bekkenløysing kan hjelpe meg litt. Eg har ikkje hatt det sjølv, berre litt sånn murring i bekkenet når eg overbelasta meg under svangerskapa. Men eg veit at det er vanleg å få lit vondt i bekkenet i ulike faser av syklusen, men når? Er det under EL, under mens eller begge deler?

Eg har trudd at eg kanskje har hatt EL laurdag for 2 veker sidan. Då hadde eg hatt ein del smerter rundt symfysen, i rompa og masse "voksesmerter" i lysken og nedover beina i ei veke. Laurdag for 2 veker sidan toppa altså dette seg. Det gjorde faktisk veldig vondt i lysken og nedover beina, spesielt rundt knea. Og rundtom i eggstokkområdet også. Rekna med at dette var EL-dagen.

Så viser det seg no to veker etterpå at eg får neeeesten positiv Persona test + EL-slim. Har ellers ingen EL-symptom slik eg pleier å ha, så dette er jo litt rart. Den var altså ikkje heilt positiv, men det tyder iallefall at EL kanskje er på veg iallefall. Så då tok eg feil for to veker sidan sikkert...søren og!

Har tatt graviditetstestar også so har vore blankt negative, så eg er ikkje gravid. Har heller aldri hatt ein syklus over 33 dagar i mitt liv. Denne blir jo isåfall på minst 48 dagar, for eg har 14 dagars lutealfase.

Ja,ja, me får berre stå på med :sex1: ! Håper iallefall nokon kan dele sine erfaringar med bekkensmerter under syklus med meg, så eg kan samanlikne litt.