Khrølla
14-01-2005, 22:06
Opp gjennom livet opplever vel dei fleste ei og anna flause som :tante: må ta skulda for. Eg har iallefall opplevd fleire :gal2: , men hugsar ikkje alle i farten (like greit, kanskje). Men følgande historie hugsar eg godt, og den deler eg med dekan her inne i håp om å få ei og anna god historie tilbake :) !
Det var i 8. klasse. Eg hadde arbeidsveke, og tante var komen på besøk. Etter ein veldig triveleg dag på jobben sat eg på ei trapp utanfor ein butikk i sentrum og venta på bussen. Der møtte eg ein kar som eg hadde sansen for (ikkje forelskelse eller noko, berre god venn), og som eg sannsynlegvis ville imponere litt og vere litt "cool" ovanfor :cool: . Me sat saman på trappa og prata ei god stund, og eg fortalte om den kjekke jobben min. Eg hugsar godt (endå det er 15 år sidan...:shock: ) at mens eg satt der kjente eg at det kom ein flodbølge av blod, men eg hadde jo bind, så det var ikkje noko problem. Vel, bussen kom og me tok farvel. Då eg kom heim oppdaga eg til min store SKREKK at eg hadde hatt ein aldri så liten lekkasje; i rompa på den lyse dongeribuksa hadde eg ein flekk med størrelse på ei stor tomat :klask: som verkeleg lyyyyste mot meg. Den må garantert ha satt merke på trappa også - kan ikkje skjøne anna. Skal tru kva den karen tenkte om meg då eg snudde rompa til, for ikkje å snakke om folk på bussen :wæææ: . Heldigvis har eg aldri høyrt noko om det i etterkant :Puh: ...
Så sånn var det...;)